Den lange vegen – frå mosasid til kongens gull – om Halvord J. Sandalen

Far, Halvor J. Sandsdalen, vart født i Seljord for 100 år sidan, 12. januar 1911, som nr. 17 av 20 heil- og halvsysken, i ei lita stove på skuggesida av Seljordsvatnet, også kalla Mosasida.  Han døde i 1998, 86 år gammal.  Bestefar heitte Johannes Tjøstolvsen og var 63 år då han gifte seg med bestemor.   Ho heitte Hege og var då 29 år.  Med seg inn  i ekteskapet hadde ho ei lita rosemåla kiste, 2 bøker og ei sølvskjei som ho hadde fått i 2. premie for framifrå fjøsstell.  Sju av barna i dei to første ekteskapa døde tidleg, dei fleste av tuberkulose, mens dei sju i siste ekteskapet alle voks opp.     

Far var av Skanke-slekt på farssida.  Både han og mor, Ingebjørg Kasin Sandsdalen, var etterkomarar av Christense, dotter til Zacharias Skancke i hans første ekteskap med  Dorothea Jørgensdotter.  Christense vart gift med Eivind Garvik, og mange i Seljord er etterkomarar av dei to. Når det er mor som er mest kjent i Skanke-sammenheng, er det nok fordi ho skreiv dei fire romanane om Zacharias Skancke, prest og seinare prost i Seljord og Øvre Vest-Telemark i til saman 56 år.  Far var også svært slektsinteressert og kunnskapsrik, men dei prøvde med hell å ikkje trå i kvarandres bed – sikkert klokt når to forfattarar heldt til under same tak.   

Mor og far gifte seg i 1938.  I 1937 hadde han overteke Sandadalen, eit lite småbruk som mest var gråstein og myr med små grønne flekker mellom.  Det låg på Mosasida, og kunne ikkje brødfø ein familie.  Bestefar var født i 1848 og døde i 1941, 93 år gamal.  Han var treskomakar, eit yrke som er borte. Han var kjent for å lage gode tresko og brødfødde sin store familie med det.  Han klarte endatil å ha litt pengar i banken til den rauk over ende i dei harde 30-åra.  Bestemor var bittelita og slik eg hugsar henne, var ho krokete etter eit langt liv som byrja med under- og feilernæring og fortsette med slit.  Som 4-åring vart ho sett bort som ei veldig ung og lita legdekjerring til den bonden som kravde minst betaling for å ta henne. 

Eg vart født i 1939, og for å brødfø sin vesle familie måtte småbrukaren og småbarnsfaren ta alle jobbar som var å få, på vegen, i skogen, på meieriet, på biblioteket, i tillegg til å skulle dyrke opp småbruket sitt.  Han planta mange frukttre, hadde premiekyr, julegris og høner, og skreiv om alt tenkeleg til avisene.  Sandsdalen var for liten til å ha hest, så hest var han i mange tilfelle sjølv, som når høyet skulle inn eller jordepli hyppast. 

Jordbruk på småbruk på 1950-tallet.
Halvor som hest med sønnen Odd Jan bak hyppeskjæret.


Det var ofte smått med kontantar, og mellom papira hans fann eg i vinter følgjande søknad om epletre til Hagebrukslaget:

 

Eg vil det vyrde Hagebrukslaget beda

um nokre aplar til min vesle gard.

Då vil de både meg og kona gleda

når me den fyrste frukt til stova bar.

Den jord me har er varm og  godt drenera

og me vårt beste gjer for det skal gro

med holt og tre i heimejordi hera

så me får nytte ut kvar solvarm kro.

(…)

 

Det var ingen stor lyrikk, men dei fekk 5 epletre, og kjøpte sjølve eit pæretre og eit plommetre for kr 3 for stykket.  Dette syntes hans nøkterne far var for gale, og han spådde at heldt han på slik, ville han ikkje greie å halde på Sandsdalen. 

Gjennom det heile bar han på draumen om å bli journalist og forfattar, sjølv om han var dyslektikar  Ved sida av jobbane og småbruket sat han om kveldane og svara på brev frå diverse korrespondanseskolar for å lære seg kunsten å skrive. I 1952 slutta dei med kyr, bare julegrisen og hønene var med oss enda ei stund. Frå 1958 var han redaktør av Telemark Tidend, bladet til Telemark Mållag.  Dette var innstikk i Varden ein gong i veka, og i 1960 vart han tilsett som journalist i Varden.  Dette var til stor økonomisk hjelp, og han fekk meir tid til å dikte, sjølv om livet vart meir og meir fullt av møtereferat og rapportar om ulykker.  Og reporteren skin gjennom både i dikt, som t.d i ”Med Kongen på første benk”, og i prosa, som i sjøormbøkene. 

Gå på var hans motto. ”Trassigpaut” sa Tarjei Vesaas i talen til han på 50-årsdagen.  Han var viljesterk og gav ikkje fort opp. Men han kunne også påverkast.  På 1960-talet vart han kjent med biletkunstnaren Harald Kihle, og i mange år var han sjåfør, kjentmann og selskap for Kihle mens han måla.  Men så sa Kihle at far også burde måle, og han lærde han om fargebruk, perspektiv og anna han burde vita, og far greip til penselen.  Fargebruken var umiskjenneleg prega av Kihle, og motiva var henta utandørs, men han måla ikkje Kihle-blakke hestar.  Fordi han alltid måla utandørs, vart han ein sommarmålar.  Han kunne sitje heilt konsentrert, og eg trudde han hadde eit panorama i tankane – men det kunne vise seg at modellen var eit haustfarga lauv.  Og bortsett frå i målinga var han utruleg ”treneva” som vi kallar det i Telemark, og teikne kunne han ikkje. 

Forfattarvennen Kåre Holt meinte at far også burde skrive romanar.  Og så gjorde han det, ”Ein grøn stein” som kom ut i 1969.  Første delen er forteljinga om då han som 16-åring hadde sin første jobb hos skogfuten til Aall.  ”Det vesle mennesket”  seier han om hovudpersonen, som er redd og usikker, men står på.  Resten av boka er også slektshistorisk.  Boka fekk svært godmottaking, og ho fekk m.a. Kulturrådets lesarpris.  Holt skreiv etterpå følgjande om forfattaren:  ”Det er enkelte navn som smaker som en hasselnøtt  Et sånt navn er Halvor.  Halvor J. Sandsdalen – det er en hel folkevise, et kvad for Telemark.” Men han var ei jordnær vise ---

Som diktar var han likevel først og fremst lyrikar, og han gav ut i alt 15 diktsamlingar.  Sjølv om han var ein heimekjær mann, ingen stader var som Seljord og Sandsdalen, og mykje av hans dikting er knytt til Seljord, er det ikkje slik at ho ikkje er gyldig og relevant utanfor bygdegrensene.  Motiva og stadnamna er kjende, men utforminga og heilskapen er hans eigen og allmenngyldig. 

Han debuterte i 1946 med diktsamlinga ”Mannen og moldi”.  Boka har eit oransjefarga omslag med teikning av ein mann med store støvlar og med spade på nakken, og ser mest ut som ei lærebok i landbruk.  Seinare kom det så 14 samlingar til.  Motiva er ofte henta frå naturen, frå forhold mellom menneske, og hendingar og lagnader som ofte er dramatiske, og som vert skildra med forståing og ofte ironi over livets underlege krumspring.  Nokre av dikta gir også glimt av det eg vil kalle hans livsfilosofi, som ”Kom sol”, ”Om himmelen” og ”Jorda er min romstasjon”.  I ”Mislykkalandet” etterlyser den keivhendte dyslektikaren  ein fristad for ”dei som ikkje er med og aukar nasjonalproduktet”. 

Mange av dikta har vise- eller folkevisepreg, og fleire har sett tonar til mange av dei.  Særleg kjent er Sigmund Grovens vakre melodiar, der ord og tonar danna rein fin heilskap. Geirr Lystrup syng mange av desse songane, og dette samarbeidet har mellom anna resultert i CDen ”Kom sol”. 

 

KOM SOL

(Kom sol på alle mine berg 1978)

Kom fiskevak og ver den brønn                Kom handklevind og turke meg

som eg kan hente vatn i,                              når eg har sumt i Vallarå,    

kom elgespor og ver den veg                     her er ein stein med  rom for to  

som eg kan gå i bregneli                                her er ei seng i lyng og strå  

-- kom sol på alle mine berg                   -- kom sol på alle mine berg  

kom sol.                                                              kom sol. 

 

Kom orrespel som salmesang                   Kom frø og fall i hatten min  

ein morgontime til det tre                          frå rupeber og balderbrå   

der eg har teke skorne av                            eg svingar han for smått og stort

der eg i lyng har lagt meg ned                   som eg på vegen min fekk sjå

-- kom sol på alle mine berg                      -- kom sol på alle mine berg

kom sol.                                                                kom sol. 

 

I 1976 kom ei samling historier om sjøormen i Seljordsvatnet  der han hadde samla materale frå mange informantar.  Boka kom i utvida utgåve i 1990.  Sjølv  såg han aldri nokon sjøorm, enda han gjekk langs strendene i så mange ti-år, men på grunn av bøkene vart han den lokale sjøormeksperten, og han fekk mange spørsmål frå media om dette.  I 1977 kom den vakre boka ”Lagnaden og lendet” med illustrasjonar av Harald Kihle.  Ho inneheld små  stykke om ulike tema, frå Telemarkskua til portrett av namngitte personar, skildra med varme i ord og bilete.  Han gav også ut fleire barnebøker, høyrespel, skodespel for amatørteater og folkeminnesamlingar. 

OM DU ER MIN VEN

 

om du er min ven  

gå ikkje der gjerdet mitt ligg nede

der muren er låg.

Søk ikkje etter der eg er veik

om du er min ven.

 

Uven bryt gjerdet der det er ringt

og kliv muren der han er låg

men du skal gå inn til meg

gjennom leet

 

Halvor J. Sandsdalen foran Nana Kiønigs maleri av ham selv

 

Som person var han interessert og kontaktskapande, med sans for humor og ironi og tonar i moll.  Glad i menneske og særleg flink med barn.  I løpet av sine 86 år gjorde han ei lang og variert reise frå starten i den vesle stova på Mosasida.  Ei reise gjennom skiftande indre landskap sjølv om alle åra var geografisk knytte til Sandsdalen og heimbygda.  Frå 16-åringen i sin første jobb som gardsgut på Seljordshei til han som aldrande mann mottok Kongens fortenestemedalje i gull på same tid som mor og Erlend og Terje Grøstad fekk denne i 1996.  Eg trur han var seg sjølv gjennom heile reisa.   

 

Odd Jan Sandsdalen: 

PROFIL

(Etter eit menneske, 1960) 

Lyset frå arbeidsrommet

i andre høgda teiknar eit kors i

nysnøen utanfor stoveglaset,

eit skuggebilete med farprofil

i øvste venstre ruta

bryt korset.

 

Korset og skuggen

sløkkjest og steg kjem

ned trappa med far på.

Halvor foran låvedøra, der han brukte opp malingen i penslene sine.